Rab (italiensk Arbe, latin Arba) er ei lita øy i Adriahavet ved kysten av Kroatia, og i Primorje-Gorski Kotar fylke. Øya var tidlegare grensa mellom Liburnia og Dalmatia.
Øya er 22 km lang med eit areal på 93,6 km² og 8 268 innbyggjarar (2021). Den høgaste toppen på øya er Kamenjak med 408 meter. Nordaustsida av øya er stort sett aude med karstbergartar, medan sørvestsida er dekt av grøne furuskogar. Øya er i dag ein populær feriestad med vakre strender og mange hendingar, mellom anna ei arbalestturnering og ein mellomalderfestival.
Den gamle hovudbyen på øya heiter òg Rab. Han har 364 innbyggjarar (2021) og ligg på ei lita halvøy på sørvestsida av øya. Det går ferjer frå øya til fastlandet ved Jablanac og til naboøya Krk.
Administrativt vart den nordlege delen av øya skild ut til landkommunen Lopar i 2006, medan resten av øya høyrer til bykommunen Rab.
Historie Byen Rab har ei lang historie som går tilbake til 360 fvt. då han vart grunnlagd av illyrarane. Frå 200-talet fvt. til 500-talet evt. var Rab ein del av Romarriket. Den romerske keisaren Augustus erklærte øya eit municipium i år 10. Han vart den første landsbyen i det romerske Dalmatia, som fekk ærestittelen felix. Heilage Marinus, den kristne grunnleggjaren av San Marino, kom opphavleg frå Rab, men skal ha flykta frå øya i 301 under kristenforfølgingane til Diokletian.
I mellomalderen var Rab ein del av Austromarriket, og ein kort periode ein del av Kongedømet Kroatia. I 1358 kom øya under styret til Kong Louis den store, Angevin-herskaren av Ungarn. Frå renessansen var øya styrt av Venezia, og frå 1800-talet vart ho ein del av Austerrike-Ungarn, fram til det vart oppløyst. Øya var så italiensk før ho vart ein del av Jugoslavia etter 1945.
Under den andre verdskrigen oppretta det fasicistiske Italia Rab konsentrasjonsleir på øya, der over tusen menneske vart drepne mellom 1942 og 1943. I 1953 vart det oppretta eit minnesmerke for dei falne ved landsbyen Kampor.
Dei fire kyrkjetårna vart eit symbol på byen og øya. Det eldste av desse går heilt tilbake til 1000-talet. Den verste katastrofen på øya var utbrotet av ein byllepest i 1456, kraftig reduserte folketalet.
Folketal Folketalet på øya ved dei siste folketeljingane, fordelt på kommunane, var:
Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2021 Rab kommune 9 480 8 065 7 161 Lopar kommune – 1 263 1 107 Øya Rab 9 480 9 328 8 268
Busetnadene på øya ved dei siste folketeljingane var:
Kommune Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2021 Rab 1 971 1 907 1 708 Rab 1 593 1 687 1 580 Rab 1 205 1 242 1 140 Lopar Lopar 1 191 1 263 1 107 Rab 1 293 1 173 1 030 Rab 1 164 1 099 937 Rab 509 520 402 Rab Rab 554 437 364
Merknader
Kjelder Referansar
Delar av denne artikkelen bygger på «Rab (island)» frå , den 13. mars 2007.
Bakgrunnsstoff Rab turistkontor rab.hr
Kategori:Øyar i Kroatia