Mo kyrkje står i bygda Moen i Surnadalen i Surnadal kommune i Møre og Romsdal fylke, og er ei Y-forma trekyrkje frå 1728. Byggmeister for kyrkja var Erik Jakobsen Holten frå Bæverdalen.

thumb|left|Planteikning av Y-kyrkja Mo kyrkje er ei av fem bevarde Y-kyrkjer i Noreg.

Kyrkja avløyste ei stavkyrkje som truleg var frå kring 1500. Ein del inventar vart flytt over frå stavkyrkja, mellom anna ein preikestol i tidleg barokk og ei kyrkjeklokke. Preikestolen vart skift ut ved ei restaurering i 1867, og hamna etterkvart på Kristiansund Museum der han gjekk tapt under bombinga i 1940.

I 1994 vart det funne ei båtgrav ved kyrkja. Grava er frå 900-talet.

Mo kyrkje er soknekyrkje i Mo kyrkjesokn i Indre Nordmøre prosti.

Referansar

Bakgrunnsstoff

Om Mo kyrkjelyd på nettstaden til Rindal og Surnadal kyrkjelege fellesråd

Kategori:Kyrkjer i Indre Nordmøre prosti Kategori:Kyrkjer i Surnadal Kategori:Kulturminne i Surnadal Kategori:Norske kyrkjer frå 1728 Kategori:Y-forma kyrkjer i Noreg