Selje (latin Salix caprea) er namnet på eit treslag av vierslekta i vierfamilien. Seljer skil seg ut frå dei fleste andre pilslaga ved at blada er breiare enn dei utprega langsmale pilblada.
Utsjånad
mini|venstre|Botanisk teikning av selje. mini|høgre|Selje med gåsungar. (Kjelde: biolib.de)
Vekstform Seljer veks oftast i buskform med fleire stammar som blir kring 2–3 meter høge. Ved einstammig form i godt lys kan selja vakse til tre på 6–14 meters høgd – og unntaksvis opp til 20 m.
Blad Seljeblada er 5–12 cm lange, og grøne på oversida, men gråkvite på undersida. Her er dei kledde med filtaktige hår som truleg har som oppgåve å verna blada mot væsketap.
Blomster Selja blomstrar tidleg og på berr kvist. Knoppane er verna av eit brunt, blankt skal, medan blomeorgana er verna av grå dun eller pels som gjev dei ein særprega utsjånad. Dei mjuke, avrunda blomane blir gjerne kalla gåsungar.
Bruk Dyrefôr Lauv og greiner av selje blir tradisjonelt bruka til husdyrfôr i norsk landbruk – særleg for sauer og geiter.
Seljefløyte Når selja er særleg sevjerik kring slutten av mai og utover juni, har det vore vanleg å laga seljefløyter. Desse lagar ein ved å kappe seg eit fingertjukt emne av rett ved utan kvist. Ein kakkar på borken med knivskaftet til borken løysnar frå veden og ein kan vri borken forsiktig laus frå greina utan at han sprekk eller rivnar. Ein følgjer så ein av fleire metodar som alle har til felles at ein brukar ein del av ved-delen av emnet til å laga ein blokk med ein spalte i og eit vinkla dobbeltsnitt i borken slik at fløyta kan blåsast på som ei blokkfløyte. Korte seljefløyter kan vera korte piper med éin tone, dei kan vera stempelpiper med glissandotonar. Dei mest brukande instrumenta er fløyter som er lange nok til at ein kan få fram fleire overtonar på dei ved overblåsing.
mini|Gåsungar på hannselja mini|Gåsungar på hoselja vert også kalla pusekattar Høgtidsbruk
Det er vanleg å taka inn seljegreiner med gåsungar (lodne blomar) på til palmesøndag i mange norske familiar. Nokre stader blir den blomande selja endatil kalla palme i denne samanhengen.
Sjå òg Gråselje Selje kommune
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Bilete av selje Den virtuella floran
Kategori:Vierfamilien Kategori:Husdyrfôr Kategori:Tre Kategori:Lauvtre Kategori:Nytteplantar