Lausitzerfjella (tsjekkisk Lužické hory, tysk Lausitzer Gebirge) er ei fjellkjede i Sudetane, på den søraustlege grensa av Tyskland og Tsjekkia, aust for elva Elbe, og ei forlenging av Erzgebirge, som ligg vest for Elbe. Lausitzerfjella er sjølv ei forlenging av Sudetane frå Böhmen og Moravia, som er forbunde med Karpatane. Det tilstøytande området i søraust Tyskland heiter Lausitz.
Den høgaste toppen er Luž (Lausche) på 793 m. Andre fjelltoppar er Pěnkavčí vrch (Finkenkoppe) 792 m, Jedlová (Tannenberg) 774 m, Klíč (Kleis) 760 m, Hvozd (Hochwald) 750 m og Studenec (Kaltenberg) 736 m.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Lusatian Mountains» frå , den 20. mars 2007.
Bakgrunnsstoff
Bilete frå Lausitzerfjella
Kategori:Fjellkjeder i Tsjekkia Kategori:Fjellkjeder i Tyskland Kategori:Sudetane