Low er det 11. studioalbumet til den engelske musikaren David Bowie, utgjeve 14. januar 1977 av RCA Records. Etter år med dopmisbruk og personleg ustabilitet i Los Angeles, flytta Bowie til Frankrike i 1976 med venen Iggy Pop for å bli edru. Etter å ha møtt Brian Eno same året, byrja Bowie å spele inn det første av tre samarbeid med Eno og produsenten Tony Visconti, som vart kjend som Berlin-trilogien. Low vart hovudsakleg spelt inn frå september til november 1976, først i Château d'Hérouville i Hérouville i Frankrike, og sidan i Hansa Tonstudio i Vest-Berlin, etter Bowie og Pop flytta dit.
Musikken på Low er basert på kunstrock og eksperimentell rock og består av dei første gongane Bowie utforska elektroniske og ambiente musikkstilar. Det er inspirert av det tyske musikkmiljøet, særskild band som Tangerine Dream, Neu!, Harmonia og Kraftwerk. Side ein består hovudsakleg av korte, direkte avant-pop-songfragment, medan side to består av lengre, hovudsakleg instrumentale spor. Albumet vart spelt inn med ein særeigen trommelyd, skapt av Visconti ved hjelp av ein Eventide H910 Harmonizer. Plateomslaget, som syner eit profilbilete av Bowie frå The Man Who Fell to Earth (1976), var meint som ordspelet 'low profile' (låg profil).
RCA nekta å gje ut albumet for tre månader då dei frykta dårlege salstal. Då det kom Low kom ut delte det kritikarane og fekk lite marknadsføring av RCA eller av Bowie sjølv. Det nådde likevel andreplassen på UK Albums Chart og 11. plassen på den amerikanske Billboard 200. Det vart marknadsført av singlane «Sound and Vision» og «Be My Wife». Førstnemnde nådde tredjeplassen på UK Singles Chart. Den musikalske tilnærminga på albumet vart utforska vidare på dei neste albuma «Heroes» (1977) og Lodger (1979).
Dei neste tiåra vart Low rekna som føre si tid og eit av dei mest kritikarroste albuma til Bowie. Det er òg rekna som særs innverknadsrikt på sjangrane post-punk og post-rock, og har fleire gonger dukka opp på lister over dei beste albuma gjennom tidene. Albumet er kome ut på ny fleire gonger og var ommastra i 2017 som ein del av plateboksen A New Career in a New Town (1977–1982).
Bakgrunn og inspirasjon
Sommaren 1974 utvikla David Bowie eit kokainmisbruk. Dei neste to åra vart misbruket stadig verre, og det påverka både fysikken og den mentale tilstanden hans. Han spelte inn både Young Americans og Station to Station, i tillegg til at han filma The Man Who Fell to Earth, medan han heile tida var påverka av dop. Inntaket eskalerte til eit punkt der han tiår seinare nesten ikkje hugsa noko av innspelinga av Station to Station, og sa «eg veit det var i L.A. fordi eg har lese at det var det.» Bowie var òg ein kontroversiell person på den tida, hovudsakleg på grunn av kommentarar han gjorde i rolla som The Thin White Duke, der han uttalte seg om Adolf Hitler og Naz-Tyskland som somme tolka som ein sympati for eller til og med fremjing av fascisme. Han skulda den ureknelege oppførselen på misbruket sitt og den usikre mentale tilstanden. Han forklarte seinare: «Det var ein farleg periode for meg. Eg var på enden av tauet fysisk og kjenslemessig og hadde alvorleg tvil om fornufta mi.»
Medan Bowie budde i Los Angeles vart han interessert i tysk musikk, artistar som Tangerine Dream, Kraftwerk og Neu!, som med sin krautrock hadde påverka Station to Station, særskild tittelsporet. I månadane under rehabiliteringa si vart han òg interessert i den tidlegare klaverspelaren og konseptualisten i Roxy Music, Brian Eno, som i 1975 gav ut to ambient-album: Another Green World og Discreet Music. Særskild Another Green World vart ein stor inspirasjon for lyden Bowie ønskte å skape for det som vart kjend som Berlintrilogien hans. Bowie møtte Eno i 1976 og kort tid etter byrja samarbeida med Eno, produsenten Tony Visconti og Pop.
Utvikling Etter å ha fullført Station to Station i desember 1975 byrja Bowie arbeidet med filmmusikken for The Man Who Fell to Earth med Paul Buckmaster som samarbeidspartnar. Bowie venta å få heile ansvaret for filmmusikken, men fann ut «då eg var ferdig med fem eller seks stykke vart eg spurt om det ville bry meg om eg sende inn musikken i lag med musikken til nokre andre folk ... og eg berre sa 'Drit, de får ikkje noko av det'. Eg var så rasande, eg hadde lagt ned så mykje arbeid i det.» Trass i dette hevda Harry Maslin at Bowie var «utbrend» og at han uansett ikkje hadde vore i stand til å fullføre arbeidet. Songaren kollapsa til slutt og sa seinare «Det var bitar av meg over heile golvet». Til sjuande og sist vart det berre ein instrumental som såg dagens lys frå filmusikken, stykket som utvikla seg til «Subterraneans». Bowie sa seinare at den einaste delen av filmmusikken nytta for Low var ein baklengs bass på «Subterraneans», som vart spelt inn i desember 1975 i Cherokee Studios i Los Angeles, der Station to Station var spelt inn. Då Bowie presenterte materialet sitt for filmen til Nicolas Roeg, meinte regissøren at det ikkje var passande. Roeg føretrekte ein meir viseaktig stil, sjølv om John Phillips (den utvalde komponisten for filmmusikken) skildra bidraga til Bowie som «stemningsskapande og vakre». Seks månader etter at forslaga til Bowie vart avviste, sende han Roeg ein kopi av Low med ein merknad som sa «Dette er det eg ønskte å gjere for filmen. Det ville blitt eit strålande lydspor.»
Sjølv om Bowie hadde hatt kommersiell suksess mellom 1975 og 1976 med singlane «Fame» og «Golden Years», ønskte han å rømme frå dopkulturen i Los Angeles. På slutten av Isolar-turneen i 1976, den 18. mai 1976, flytta Bowie og kona hans Angela til Sveits, sjølv om dei to sjeldan var der. Samsundes hyrte Bowie studiotid seinare på sommaren i Château d'Hérouville i Hérouville i Frankrike, der han hadde planar om å skrive og produsere eit album med den gamle venen og songaren Iggy Pop. Sjølv om dei to hadde vore vener i mange år, var siste gongen dei hadde arbeidd i lag vore i 1973, då Bowie miksa The Stooges-albumet Raw Power i 1973. Etter at The Stooges vart oppløyst vart Pop kraftig dopavhengig. I 1976 var han klar for å bli edru og gjekk med på å flytte til Europa med den gamle venen. Dei to flytta inn i chateauet, same staden Bowie spelte inn albumet Pin Ups i 1973. Etter dette reiste Bowie attende til Sveite, der han dei neste par månadane skreiv og la planar for det neste albumet sitt. Dei to møttest att i Frankrike att i juni og fram til august, og spelte inn det som vart det første soloalbumet til Iggy Pop, The Idiot. Bowie skreiv det meste av musikken for The Idiot, medan Pop skreiv dei fleste tekstane, ofte som svar til musikken Bowie komponerte. Under innspelinga utvikla Bowie ein ny prosess, der akkompagnementet vart spelt inn først, etterfølgd av ekstra lydspor, med tekstar og vokal skriven og spelt inn til slutt. Han likte særs godt denne prosessen i «tre fasar» , som han brukte resten av karrieren. Fordi The Idiot vart spelt inn før Low, er The Idiot kalla den uoffisielle byrjinga av Berlinperioden til Bowie, sidan musikken minna om stilen Bowie utforska i Berlintrilogien.
Etter å ha fullført The Idiot reiste dei to til Hansa Studios i Vest-Berlin for å mikse albumet. Fordi Visconti alt var klar til å produsere det neste albumet til Bowie, ringde Bowie han for å hjelpe til med miksinga, og slik gjere seg kjend med den nye arbeidsmetoden til Bowie. Bowie vart fascinert av Berlin og syntest det var ein flott plass å stikke seg bort, og dei to valde å flytte der i eit forsøk på å kvitte seg med dopproblema og kome seg unna rampelyset. På dette tidspunktet var Bowie klar til å flytte til Berlin, men hadde alt leigd studioet i Frankrike ein månad til etter The Idiot, så han fortsette innspelinga der.
Innspeling mini|upright=0.8|Low markerte det første av tre samarbeid med musikaren Brian Eno (avbilda i 2015). Under arbeidstittelen New Music: Night and Day, starta innspelinga for Low offisielt 1. september 1976. Sjølv om Low vert rekna som det første i Berlintrilogien til Bowie, er mesteparten av det spelt inn i Château d'Hérouville i Frankrike. Med seg frå innspelinga til Station to Station henta Bowie inn gitaristen Carlos Alomar, bassisten George Murray og trommeslagaren Dennis Davis. I tillegg til Eno, henta Bowie inn dei nye medlemmane Roy Young, tidlegare klaverspelar for The Rebel Rousers og Ricky Gardiner, tidlegare gitarist i Beggars Opera. Ein gjest under Château-innspelingane var den dåverande kona til Visconti, Mary Hopkin, som vart spurt om å syngje korvokal på «Sound and Vision». På omslaget vart ho oppført som Mary Visconti.
Albumet vart produsert av Bowie og Visconti i lag med bidrag frå Eno. Visconti, som ikkje hadde vore med på innspelinga av Station to Station på grunn av andre plikter, vart henta attende til å produsere albumet etter å ha miksa The Idiot. Bowie forklarte kor viktig Visconti var som medprodusent i 2000: «I løpet av åra har ikkje Tony Visconti fått nok ære for særskild dei albuma. Den faktiske lyden og teksturen, kjensla av alt frå trommen til måten røysta mi vart spelt inn, er Tony Visconti.» Trass i at han ofte er oppfatta som med-produsent, var ikkje Eno det. Visconti sa: «Brian er ein flott musikar, og var særs viktig i å få skapt dei tre albuma [Low, «Heroes» og Lodger]. Men han var ikkje produsent.»
Som The Idiot, starta innspelinga av at Bowie og rytmeseksjonen spelte inn akkompagnement. Dei byrja på kvelden og heldt på heile natta, som Seabrook meiner passa perfekt for stemninga i musikken. Som han hadde gjort på Station to Station, let Bowie Alomar sjølv ta seg av arrangementa for seg sjølv, Murray og Davis, med instruksjonar frå Bowie om korleis dei skulle høyrast ut. Bowie henta mange songidear han hadde frå Sveits, medan somme, som «What in the World», vart henta attande frå The Idiot.
I følgje biografen Paul Trynka, kom Eno seint inn i innspelinga, etter at alle akkompagnementa for side ein i røynda var ferdige. Kort tid før han kom, hadde Eno spelt inn musikk med det tyske bandet Harmonia, som var ei stor inspirasjonskjelde på innspelinga av Low. Då han kom med, sette han og Bowie seg ned med musikarane og informerte dei om det neste stadiet i innspelingsprosessen. I følgje Young spelte dei lydband av musikken til The Man Who Fell to Earth og sa dei planla noko liknande. Young sa vidare at somme av musikarane, inkludert han sjølv, ikkje likte ideen særleg godt, sidan det var musikk dei ikkje var vande med. Bowie var sikker på at RCA ville meinte det same og sa: «Me veit ikkje om dette nokon gong vil bli gjeve ut, men eg må gjere dette.» Det var først etter at Visconti sette saman eit lydband to veker inn i prosjektet og spelte det for Bowie. Han vart overraska og entusiastisk over at dei hadde eit album.
Utan ein deadline frå selskapet eller noko planlagt musikalsk struktur, vart stemninga under innspelingane skildra av Seabrook som «livleg og avslappa». Studioet låg òg midt på den franske landsbygda, så musikarane fekk god tid til å bli kjende med kvarandre og eksperimenterte mykje. Alomar, som var mest motvillig til Eno sitt «avantgarde bullshit», mildna etter kvart opp og aksepterte det. Seabrook skreiv at alle åt i lag, såg på det britiske fjernsynsshowet Fawlty Towers då dei ikkje var i studio og underheldt kvarandre med soger. Gardiner sa seinare: «Me hadde nokre gode samtalar om musikk, astrologi - verda.» Davis sa at han var komikaren under innspelingane, framførte sketsjar og fortalte historier. I tillegg til at han song korvokal på «What in the World», var Iggy Pop til stades under innspelingane. Gardiner hugsa han som «i form, sunn og positiv.» Som Davis skapte han ein positiv atmosfære ved å fortelje soger om tidlegare dagar med The Stooges. I følgje, Trynka, var Eno ansvarleg for motivasjonen til Bowie gjennom innspelinga.