Pardubice ein by og ein kommune med utvida fullmakter i distriktet Pardubice okres i regionen Pardubice kraj i Tsjekkia. Pardubice har status som lovbestemt by (tsjekkisk statutární město).
Pardubice ligg ved elva Labe (Elbe), 104 km aust for Praha. Byen vart grunnlagd rundt 1340, men det hadde vore eit kloster her sidan tidleg på 1200-talet.
Pardubice er ein viktig industriby, og her finst mellom anna ein kjemisk fabrikk (som produserer Semtex, eit plastisk eksplosiv), eit oljeraffineri, ein fabrikk for tungt maskineri og elektronisk utstyr.
Sidan 1874 har det vorte halde eit vidkjend hesteløp her, Velká Pardubická. Det er sagt at dette er det hardaste hesteløpet på kontinentet.
Pardubice har eit gamalt sentrum med mange restaurantar. Her finn ein eit gamalt tårn og eit nyleg renovert slott. Arnošt av Pardubice, den første erkebiskopen i Praha, vart fødd i Pardubice i 1297.
Administrativ inndeling
Då distrikta vart avvikla som administrative einingar i 2003, vart det administrative ansvaret til distrikta ført over til administrative område til kommunar med utvida fullmakter (tsjekkisk správní obvody obcí s rozšířenou působností, forkorta SO ORP). Pardubice er ein slik by med utvida fullmakter.
Lovbestemt by Pardubice har status som lovbestemt by frå 1990.
Bydistrikt Som lovbestemt by har Pardubice rett til på eiga hand å opprette sjøvstyrande bydistrikt (tsjekkisk městské obvody). Det er oppretta åtte slike distrikt. Grensene mellom dei følgjer ikkje alltid grensene mellom dei bydelane som ein ellers refererer til.
Storbyområde Som eit verktøy i økonomisk planlegging er det oppretta eit storbyområde for Hradec Králové, Pardubice og områda rundt. 49 kommunar frå det administrative området til Pardubice inngår i storbyområdet. Dei er merkte med * i lista nedanfor. I tillegg kjem 66 kommunar frå det administrative området til Hradec Králové og 37 kommunar frå andre administrative område i regionen.
Kommunar Det administrative området til Pardubice omfattar 56 kommunar. Av desse er 4 byar (tsjekkisk město). Bykommunar er utheva med halvfeit skrift.
Folketal Folketalet i det administrative området i dei siste folketeljingane: Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2021 Pardubice SO 120 979 126 780 130 165
Kommunar Dei største kommunane i det administrative området: Kommune Folketal 2021 Pardubice 89 619 Sezemice 4 087 Lázně Bohdaneč 3 407 Opatovice nad Labem 2 786 Dašice 2 211 1 950 1 784 1 685 1 345 1 345 1 185 1 095
Byar og tettstader Dei største tettstadene i det administrative området: Tettstad Folketal 2021 Pardubice 89 619 Lázně Bohdaneč 3 407 Sezemice 2 846 Opatovice nad Labem 2 195 Dašice 1 698 1 345 1 316 1 251 1 185 1 173 1 095 1 043
Bydelar i Pardubice mini|250px|Matrikkelområde i Pardubice Bydelane og tettstadene i Pardubice:
Bydel/tettstad Folketal 2021 Bílé Předměstí 11 779 Cihelna 2 078 Pardubice–Staré Město 1 471 Polabiny 15 986 Zámek 1 Zelené Předměstí 28 142 Pardubice indre by 59 457 Černá za Bory 962 Doubravice 481 Dražkovice 677 Drozdice 103 Hostovice 275 Lány na Důlku 433 Mnětice 364 Nemošice 1 294 Nové Jesenčany 582 Ohrazenice 2 124 Opočínek 249 Pardubičky 1 582 Popkovice 472 Rosice 2 155 Semtín 91 Staré Čívice 1 164 Staročernsko 215 Studánka 10 721 Svítkov 4 065 Trnová 2 106 Žižín 47 Pardubice kommune 89 619
Bydistrikt i Pardubice Dei 27 bydelane fordeler seg slik på dei sjølvstyrande bydistrikta:
Bydistrikt Folketal 2021 Bydelar Pardubice I 20 928 Bílé Předměstí (del), Pardubice-Staré Město, Zámek, Zelené Předměstí (del) Pardubice II 18 064 Cihelna, Polabiny, Rosice (del) Pardubice III 15 275 Bílé Předměstí (del), Studánka (del) Pardubice IV 5 232 Bílé Předměstí (del), Černá za Bory, Drozdice, Mnětice, Nemošice, Pardubičky, Staročernsko, Studánka (del), Žižín Pardubice V 16 505 Dražkovice, Nové Jesenčany, Zelené Předměstí (del) Pardubice VI 6 383 Lány na Důlku, Opočínek, Popkovice, Staré Čívice, Svítkov, Zelené Předměstí (del) Pardubice VII 6957 Doubravice, Ohrazenice, Rosice (del), Semtín, Trnová Pardubice VIII 275 Hostovice Pardubice kommune 89 619
Merknader
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Pardubice» frå , den 24. mars 2007.
Bakgrunnsstoff
Pardubice Pardubice Pardubice Pardubice