Hønefoss er ein by og administrasjonssenteret i Ringerike kommune i Buskerud. Fram til 1964 var byen òg eigen kommune.
Hønefoss er ein innlandsby og eit sentralt knutepunkt på Austlandet. Herfrå går mellom anna jarnbane til Bergen, Drammen og Oslo, og til Gjøvik via Roa. Gjennom Hønefoss gjekk dessutan stamvegen (E16) frå Sandvika til Vestlandet via Valdres, og Riksveg 7 til Vestlandet via Hallingdal og Riksveg 35 til Hokksund og Hadeland. Desse vegane går no i hovudsak utanom byensentrum, men Riksveg 35 går framleis gjennom Hønefoss.
Hønefoss fekk bystatus i 1852 og er i dag eit naturleg handelssentrum for folk i kommunane Ringerike, Hole og Jevnaker. Byen ligg som det nordlegaste punktet i ein triangel med Drammen i sør og Oslo i søraust.
Det er i det området som i dag definerast som byen Hønefoss. Dette området er mykje større enn den tidlegare bykommunen.
Kjende personar frå Hønefoss Emilie Marie Nereng, skribent kjend som bloggaren «Voe»
Sjå òg Hønefossen Tettstader i Buskerud
Kjelder SSB: «Tettsteder og sentrumssoner. 1. januar 2005. Buskerud»
Andre nettstader
Eldre fotografi frå Hønefoss og omegn ca. 1880-1941 på nettstaden til Nasjonalbiblioteket
Kategori:Byar i Buskerud Kategori:Tettstader i Buskerud Kategori:Tidlegare kommunar i Buskerud Kategori:Hønefoss Kategori:Geografi i Ringerike Kategori:Kommunesenter i Buskerud