Vejle er ein by og tidlegare kjøpstad i Vejle kommune i Danmark på søraustsida av Jylland. Vejle er den åttande største byen i Danmark med innbyggjarar (2013).Danmarks Statistik: Tabel BEF44. (Vitja 10. februar 2014) Byen er administrasjonsenter i kommunen og for Region Syddanmark.Vejle frå Den Store Danske Encyklopædi (Vitja 10. februar 2014)

Vejle ligg ved inngangen til Vejlefjorden, og er kjend for forholdsvis høge, til Danmark å vere, skogkledde åsar nord og sør for byen.

Den gamle, sentrale delen av byen inneheld ei gågate som fører opp til det tidlegare rådhuset, bygd i 1878–79. Andre landemerke er St. Nikolaikyrkja frå midten av 1200-talet, og ei vindmølle som er bygd i åssida i sør, og som ein kan sjå frå nesten alle stader i byen. Byen er òg eit industrisenter, og har ei stor skipshamn.

Kjelder

Kategori:Byar i Region Syddanmark Kategori:Vejle kommune