Kihnu er ei øy i Austersjøen, og den sjuande største øya i Estland med eit areal på 16,4 km². Øya er òg den største øya i Rigabukta.

Øya er ein del av Pärnu fylke i Estland. I lag med naboøyane dannar ho Kihnu kommune, den minste kommunen i fylket. Kihnu er ei flat øy og er berre 8,5 moh på det høgaste.

Kihnu har 639 innbyggjarar (2004) i fire landsbyar: Lemsi, Linaküla, Rootsiküla og Sääre. Ein kan nå Kihnu med ferje frå Pärnu eller med fly. Om vinteren er det jamvel råd å gå til øya på isen.

Kultur Vottane frå Kihnu og dei stripete skjørta er kjende i fleire land, hovudsakleg blant handverkarar og forskarar.

UNESCO utropte kulturområda og tradisjonane på Kihnu til eit Meisterverk av mennesket si muntlege og immaterielle arv den 7. november 2003.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kihnu» frå , den 29. mars 2007.

Bakgrunnsstoff Kihnu.ee Kihnu på unesco.ee

Kategori:Øyar i Estland Kategori:Pärnu maakond