Bjørnskinn kyrkje ligg på Bjørnskinn i Andøy kommune i Nordland. Ho er soknekyrkje for Bjørnskinn sokn i Vesterålen prosti. Kyrkja er ei langkyrkje i tre. Ho vart vigsla i 1885Vesteraalen.info og har 340 plassar. Arkitekt for kyrkja var Johan Kunig.
Dagens kyrkje vart bygd då den gamle kyrkja på staden var blitt for lita. Den gamle kyrkja vart bygd rundt 1740 og ho vart riven for å gje plass til nykyrkja. Det har tidlegare stått ei tredje kyrkje på staden, nærare fjellet. Ho vart teken av eit snøras på 1700-talet.
Inventar Orgelet i Bjørnskinn kyrkje er bygd i 1860, og har stått i denne kyrkja siden 1936.
Døypefonten er laga av Andreas Nilsskog.
Andre kyrkjer i Andøy kommune Andenes kyrkje Dverberg kyrkje Fornes kyrkje
Bakgrunnsstoff Om Bjørnskinn kyrkje på nettstaden vesteraalen.info
Fotnotar
Kategori:Kyrkjer i Andøy Kategori:Kyrkjer i Vesterålen prosti Kategori:Andreas Nilsskog Kategori:Norske kyrkjer frå 1885 Kategori:Kulturminne i Andøy Kategori:Langkyrkjer i Sør-Hålogaland bispedømme