Enaresjøen er den tredje største innsjøen i Finland, og den sjette største i Europa. Han ligg i den nordlege delen av Lappland, nord for Polarsirkelen. Innsjøen ligg 117-119 meter over havnivå, og vert regulert av kraftverket Kaitakoski i Russland. Innsjøen er vanlegvis islagd frå november til tidleg i juni.

Dei mest kjende øyane i innsjøen er Hautuumaasaari (Kyrkjegardøya) og Ukonkivi, ein historisk offerstad for folk i tidlegare tider. Det er over 3 000 øyar i innsjøen. Av fisk finn ein aure, laks, åbor og gjedde.

Enaresjøen dekkjer eit areal på 1 040 kvadratkilometer. Han har utsig i nord ved elva Pasvikelva, som munnar ut i Varangerfjorden og Barentshavet.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Lake Inari» frå , den 1. april 2007.

Kategori:Innsjøar i Finland