Jørgen Herman Vogt () var ein norsk jurist og politikar. Han var mellom anna statsminister eller formann i regjeringa 1856-1857 og 1857-1858.

Vogt vart fødd i Drammen som son av trelasthandlar, seinare sorenskrivar Nils Nilsen Vogt og Abigael Monrad. Etter å ha avslutta skole på Kongsberg studerte han i København og blei cand.jur. i 1806. Etter nokre år i ymse stillingar vert han utnemnd til sorenskrivar i Nordfjord i 1809. Han vart assesor i finansdireksjonen og arkivar i finanskollegiet i 1812.

Etter fredstraktaten i Kiel i 1814 var han med på å skipe Nordmandsforbundet i København og var med i styret saman med Christen Pram og Jonas Anton Hielm. Forbundet støtta den norske sjølvstendelinja. Forbundet blei lagd ned etter relativt kort tid.

19. mai valde Riksforsamlinga på Eidsvoll han til medlem av av finanskomiteen. Vogt kom til Kristiania fyrst i september og tok over leiinga av Finansdepartementet. Etter unionsinngåinga med Sverige blei han same haust tilsett i den nye statsforvaltninga i Kristiania og frå 1822 statssekretær, det vil seie dagleg leiar av statsforvaltninga.

Vogt vart utnemnd til statsråd og leiar for Armédepartementet i 1825, og i dei følgjande 33 åra leia han i periodar alle departement unntatt Marinedepartementet. I åra 1829–1836 hadde han tenestefri for å arbeide i Lovkommisjonen og i 13 år var han sjef for Finansdepartementet. I 1845 blei Vogt stilt for riksrett, men vart frikjend.

Vogt gjekk av som «statsminister» i desember 1858 etter usemje med kronprins Karl. Hendinga vekte stor oppsikt i samtida og det blei arrangert borgartog i Kristiania for å hylle han.

Familie Vogt var gift to gonger, fyrste gong med Ingeborg Marie Lorentsen, dotter av kjøpmann Lars Lorentsen frå Drammen og andre gong med Hedevig Lovise Frølich, dotter av svensk rittmeister og greve Adolf Fredrik Frølich. Andre ekteskap oppløyst ved skilsmisse i 1837.

Dekorasjonar Mellom ordnane Vogt mottok, var storkrossen av St. Olavs orden for fortenestefull embetsverksemd. Vogt mottok denne i 1857. Han var òg innehavar av Borgerdådsmedaljen, Serafimerordenen, Nordstjerneordenen og den russiske Sankta Annas orden.

Kjelder

Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet, samt tillæg. B. 1 D. 2 : Biografier L-Ø samt tillæg digital utgåve side 1005-1006

Vogt, Jørgen Herman Kategori:Norske embets- og tenestefolk Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Medaljen for borgardåd Kategori:Sankta Annas orden Kategori:Serafimerordenen Kategori:Nordstjerneordenen Kategori:Norske statsrådar 1814-1884 Kategori:Norske revisjonsministrar Kategori:Norske finansministrar Kategori:Folk frå Drammen