Freie Demokratische Partei (FDP) er eit liberalt politisk parti i Tyskland. Det er medlem av Den liberale internasjonale, og kan soleis sjåast som eit systerparti til Venstre i Noreg.
Partiet var i den tyske forbundsregjeringen frå 1949 til 1956, frå 1961 til 1966, frå 1969 til 1998 og frå oktober 2009 til 2013.
FDP var representert i Forbundsdagen ved alle val frå det første i 1949 til 2009. Ved valet i 2013 klarte partiet ikkje å overskride sperregrensen på 5% landsdekkjande oppslutning og falle dermed ut av Forbundsdagen. Det same skjedde ved valet i Bayern ei veke tidlegare.
Partiet er meir marknadsliberalt orientert enn sitt norske søsterparti. Det er svært positivt til EU og går inn for tettare europeisk integrasjon og felles utanriks- og tryggjingspolitikk.
Partiet si ungdomsrørsle heiter Junge Liberale (Julis).
Historie FDP har røtene sine i tidlegare liberale parti i tysk historie. Under Weimar-republikken i mellomkrigstida eksisterte mellom anna dei to partia Deutsche Demokratische Partei (Det tyske demokratiske partiet) og Deutsche Volkspartei (Det tyske folkepartiet). Desse partia oppløyste seg under press frå nazistane i 1933. Etter den andre verdskrigen vart fleire liberale parti grunnlagde i den vestlege okkupasjonssona av Tyskland. Die Freie Demokratische Partei vart grunnlagd 11. desember 1948 i Heppenheim an der Bergstraße, som ei samanslutning av alle liberale parti i den vestlege okkupasjonssona. Første formann var Theodor Heuss. Staden for partigrunnleggjinga vart vald, fordi det 10. oktober 1847 fann stad eit møte der i forkant av den liberale marsrevolusjonen i 1848. Ved dei første forbundsdagsvala i Vest-Tyskland 14. august 1949 fekk partiet 11,9 % av røystene. I september same år vart partileiaren Theodor Heuss vald til den første presidenten i Forbundsrepublikken Tyskland (BRD).
FDP har delteke i koalisjonsregjeringar med begge dei to store partia i Tyskland, det konservative CDU og det sosialdemokratiske SPD. Til saman har det site i forbundsregjeringa i 45 år, men alltid som det minste partiet i ei koalisjonsregjering. Oppslutninga ved forbundsdagsval har stort sett lege rundt 10 %. Partiet hadde forbundspresidenten frå 1949 til 1959 (Theodor Heuss) og frå 1974 til 1979 (Walter Scheel).
Partileiarar Theodor Heuss 1948–1949 Franz Blücher 1949–1954 Thomas Dehler 1954–1957 Reinhold Maier 1957–1960 Erich Mende 1960–1968 Walter Scheel 1968–1974 Hans-Dietrich Genscher 1974–1985 Martin Bangemann 1985–1988 Otto Graf Lambsdorff 1988–1993 Klaus Kinkel 1993–1995 Wolfgang Gerhardt 1995–2001 Guido Westerwelle 2001–2011 Philipp Rösler 2011–2013 Christian Lindner 2013–2025 Christian Dürr 2025–2026 Wolfgang Kubicki sidan 2026
Valresultat +Val til Forbundsdagen 1949–2021 Årstal Prosent av røysteneMandat 2021 11,4 % 91 2017 10,7 % 80 2013 4,8 % – 2009 14,6 % 93 2005 9,8 % 61 2002 7,4 % 47 1998 6,2 % 43 1994 6,9 % 47 1990 11,0 % 79 1987 9,1 % 46 1983 6,9 % 34 1980 10,6 % 53 1976 7,9 % 39 1972 8,4 % 41 1969 5,8 % 30 1965 9,5 % 49 1961 12,8 % 67 1957 7,7 % 41 1953 9,5 % 48 1949 11,9 % 52
Merknader
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Tyske politiske parti Kategori:Liberale parti Kategori:Skipingar i 1948