Andre påskedag er ein heilagdag som fell på mandagen etter påskedagen.
Religiøse tradisjonar mini|venstre|Kveldsverd i Emmaus av Caravaggio, 1601 mini|Påskemåndagsopptog i Lamaçães i Portugal.
I kyrkja vert det preika over evangelietekstar som fortel om at bodskapen om Jesu oppstode byrja å spreie seg blant folket. I første tekstrekka i Den norske kyrkja er preiketeksten henta frå evangeliet etter Lukas, og handlar om Emmausvandrarane, i andre tekstrekka er preiketeksten frå evangeliet etter Johannes, og handlar om at Jesus etter oppstoda syner seg for Maria Magdalena. Påska er ei kyrkjeleg festtid, med kvit som liturgisk farge.
I katolske område er det vanleg å spreia vatn som er blitt signa på påskedagen over mat, bygningar og i nokre tradisjonar også folk.
Innan ortodoks kristendom og orientalske katolske kyrkjer er andre påskedag del av den «lysande veka», der kvar dag er prega av feiring som kan omfatta utandørs prosesjonar. Dersom festdagen for ein viktig helgen eller vernehelgenen til kyrkja fell til den stille veka eller påskedag blir feiringa lagt til påskemåndag.I. The Pascha of the Lord, or the Resurrection of Christ - Part IV, holytrinitymission.org
Sekulære tradisjonar
Påskemåndag kan vera ein dag for utflukter, piknikar, eggrulling og idrettsarrangement.Easter Monday in the Netherlands
mini|Siuda Baba i Polen.
I Aust- og Sentral-Europa er det ein utbreidd tradisjon for gutar å dynka jenter med vatn og slå dei med ris eller piskar av pynta greiner. Deretter kan dei få egg i gåve. Dagen blir kalla Śmigus-dyngus eller lany poniedziałek, 'våt-mandag' på polsk. Ein annan polsk skikk er Siuda Baba, der utkledde unggutar vitjar hus, syng, tek sot i ansiktet til jenter, og tek imot gåver.
I Australia er det vanleg å halda ulike idrettstilstellingar på påskemåndagen, som hesteløpet Oakbank Easter Racing Carnival i Sør-Australia, segling- og fjelløpet Australian Three Peaks Race i Tasmania og sprintløpet Stawell Gift i Victoria.
I Egypt feirar både kristne og muslimar tradisjonelt Sham El Nessim, 'å lukta vinden', med måla egg, utandørs måltid og fesikh (tørka fisk).
I Republikken Irland blir andre påskedag markert til minne om dei som døydde under Påskeopprøret i 1916. Fram til 1966 blei det halde eit opptog med veteranar frå opprøret forbi Hovudpostkontoret i Dublin, der opprørarane hadde forskansa seg, og erklæringa om opprettinga av den irske republikken blei lesen opp att.
I Noreg er andre påskedag òg avslutninga på påskeferien, slik at dagen blant mange vert forbunden med overfylte tog og bilkøar på vegane.
I Tyskland blir det halde ulike eggløp (Eierlauf), til dømes løp for barn der dei spring medan dei balanserer egg eller poteter på ei skei, eller løp ned bakkar der menn konkurrerer mot rullande egg.Easter Monday in Germany
I USA kan ein halda ulike idrettsarrangement og eggrullingsløp på påskemandagen. I område som har hatt høg polsk innvandring er det vanleg å feira «Dyngus Day», som i Buffalo i New York og fleire stader i Indiana.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Easter Monday» frå , den 3. april 2017.
Kategori:Påske Kategori:Kristne høgtider Kategori:Kyrkjeåret Kategori:Måndag