mini|Biletparodi frå bladet Puck på 'Ei hjelpande hand' av Emile Renouf. mini|'Ei hjelpande hand' av Emile Renouf.

Parodi (frå gresk parodia, av para- 'attåt, motsett' og ode, 'song') er ei etterlikning som gjer narr av originalen, til dømes gjennom overdriving, oppattaking og absurde nye vriar på gamle framstillingar. Parodiering kan brukast til å latterleggjera eit verk, ein person eller eit tema, på vennleg eller vondskapsfullt vis.

Nokre kjende parodiar Batrachomyomachia ('Froske- og musekrigen'), ein gresk antikk parodi på Iliaden. 1605-15: Don Quijote av Miguel de Cervantes er ein spansk roman som mellom anna parodierer riddarromanar. 1728: The Dunciad av Alexander Pope er ein parodi av klassisk gresk og romersk epikk. 1772: Kjærlighet uten strømper av Johan Herman Wessel parodierer franske klassisistiske tragediar. 1817: Northanger Abbey av Jane Austen er ein parodi på den samtidige gotiske romanen. 1963: «Julekveld i skogen» av av Otto Nielsen og Rolf Just Nilsen er ein parodi på julefeiringssentimentalitet.

Sjå òg karikatur satire

Kjelder

Kategori:Humor Kategori:Underhaldning Kategori:Greske ord og uttrykk