Dei maritime Alpane eller Kystalpane er ei fjellkjede i den sørvestlege delen av Alpane. Ho dannar grensa mellom det franske departementet Alpes-Maritimes og den italienske provinsen Cuneo. På andre sida av Col de Tende ligg Dei liguriske Alpane og på den andre sida av Maddalena-passet ligg Dei cottiske Alpane. Mercantour nasjonalpark er ein del av Dei maritime Alpane.

Vatn frå Dei maritime Alpane renn ut i elvane Roya, Var og Verdon og sideelevane deira på den franske sida, og i Stura di Demonte og andre sideelvar til Tanaro og Po på den italienske sida.

Fjelltoppar

Dei høgste fjelltoppane i Dei maritime Alpane er: Monte Argentera 3 297 m Mont Ténibre 3 032 m Cime du Gélas 3 135 m Cime de l'Enchastraye 2 955 m Monte Matto 3 087 m Mont Bégo 2 873 m Mont Pelat 3 053 m Mont Mounier 2 818 m Mont Clapier 3 046 m Roche de l'Abisse 2 755 m

Fjellovergangar

Dei viktigaste fjellovergangane i Dei maritime Alpane er: Namn Stad Type Høgd (m) Col de la Bonette Tinéedalen til Barcelonnette veg 2 725 Col de Restefond Col de la Bonette til Barcelonnette veg 2 680 Bassa di Druos Tinéedalen til Terme di Valdieri ridesti 2 630 Colle di Ciriegia Saint-Martin-Vésubie til Terme di Valdieri ridesti 2 551 Col des Granges Communes Saint-Étienne-de-Tinée til Barcelonnette ridesti 2 512 Col de Pourriac Tineedalen til Argentera sti 2 506 Colle di Guercia Tineedalen til Vinadio sti 2 451 Col de la Lombarde Isola til Vinadio veg 2 350 Col de la Cayolle Vardalen til Barcelonnette veg 2 327 Col du Sabion Tende til Valdieri ridesti 2 264 Col d'Allos Verdondalen til Barcelonnette veg 2 250 Maddalena-passet Barcelonnette til Cuneo veg 1 995 Col de Tende Tende til Cuneo veg og tunnel jarnbanetunnel 1 873

Kategori:Fjellkjeder i Alpane Kategori:Fjellkjeder i Frankrike Kategori:Fjellkjeder i Italia Kategori:Alpes-Maritimes