Alpe d'Huez er eit fjell sentralt i Dei franske Alpane. Det ligg i kommunen Huez i departementet Isère. Alpe d'Huez er ein vidkjend skistad i ei høgd på 1 850 meter, og ein av dei mest vidkjende fjelltoppane som har vorte nytta i Tour de France.

Tour de France

Klatreetappar med Alpe d'Huez har vore med nesten kvart år sidan 1976, og første gong det var målgang her på ein etappe i Tour de France var i 1952. Ruta opp Alpe d'Huez er 13,8 km lang med ei gjennomsnittleg stiging på 8,1 % og 21 hårnålssvingar. Etappen er særs populær og trekkjer til seg svært mange tilskodarar. I 2004 var det nær ein million tilskodarar her. Denne etappen vart vunnen av Lance Armstrong. Marco Pantani har rekordtida opp Alpe d'Huez i Tour de France med 36 minutt og 50 sekund frå 1995.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Rutevisning på TierraWiki.org Skisenteret Meir info, bilete og videoklipp av sykling opp Alpe d'Huez alpedhuez.net

Kategori:Fjell i Frankrike Kategori:Isère