Grandes Jorasses er eit fjell i Mont Blanc-massivet i Dei franske Alpane med ei høgd på 4 208 meter over havet.

Den første klatringa av den høgaste toppen på fjellet, Pointe Walker, gjorde Horace Walker med fjellførarane Melchior Anderegg, Johann Jaun og Julien Grange 30. juni 1868. Den nest høgaste toppen på fjellet (Pointe Whymper, 4 184 m) vart først klatra av Edward Whymper, Michel Croz, Christian Almer og Franz Biner 24. juni 1865.

Dei andre toppane på fjellet er Pointe Croz (4 110 m), Pointe Margherita (4 065 m), Pointe Elena (4 045 m) og Pointe Young (3 996 m).

Nordsida Nordsida av fjellet er ein av dei seks store nordsidene i Alpane. Han er ein av dei mest kjende fjellveggane i Alpane og strekker seg 1 200 meter over Leschauxbreen, og er 1 km brei. Den klassiske ruta opp veggen heiter Walker Spur, som fører rett til toppen av Pointe Walker.

Kjelder Dumler, Helmut and Willi P. Burkhardt, The High Mountains of the Alps, London: Diadem, 1994

Bakgrunnsstoff Grandes Jorasses på SummitPost

Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Frankrike Kategori:Fjell i Italia