Mont Pelvoux er eit fjell i Massif des Écrins i Dei franske Alpane med ei høgd på 3 946 meter. I mange år trudde ein at Mont Pelvoux var det høgaste fjell i området, sidan ein ikkje kan sjå det høgare Barre des Écrins frå Durancedalen.

Det høgaste punktet på fjellet er Pointe Puiseux. Det finst tre lågare punkt: Pointe Durand (3 932 m) Petit Pelvoux (3 753 m) Trois Dents du Pelvoux (3 682 m)

Fjellet er eit populært klatrefjell om sommaren. Førstestiginga vart gjort av Kaptein Durand og to gemse-jegerar, A. Liotard og J. E. Matheoud, den 30. juli 1828.

Bakgrunnsstoff Mont Pelvoux på SummitPost Mont Pelvoux på PeakBagger

Kategori:Fjell i Frankrike Kategori:Fjell i Alpane