Blavet er ei elv som renn frå sentrale område av Bretagne i Frankrike og ut i Biscayabukta nær Lorient. Heile elva er stort sett kanalisert og er framkomeleg for mindre fartøy. Ho er ein del av kanalsystemet i Bretagne, og vart viktig då den vestlege delen av systemet vart avkutta ved bygginga av demninga for vasskraftverket Guerledan. I dag må båttrafikk frå Nantes via Redon ta Canal du Blavet og så ut i Blavet for å nå havet nær Lorient.

Blavet har sitt utspring aust for Bulat-Pestivien i Côtes-d'Armor. Ho renn gjennom følgjande departement og byar:

Côtes-d'Armor: Saint-Nicolas-du-Pélem, Gouarec Morbihan: Pontivy, Hennebont, Lorient

Kjelder NoorderSoft database over vassvegar

Kategori:Elvar i Frankrike Kategori:Côtes-d'Armor Kategori:Morbihan