Wulfila (ca. 311–383) var misjonsbiskop blant vestgotarane i sju år frå 341. Han var sjølv truleg halvt gotisk, og forfedrane hans hadde kome som fangar frå Kappadokia til gotarane sitt land.

Wulfila var klart ein tilhengar av arianismen. Det kan òg verke som om hans eigen kristologi faktisk ikkje var fullt ut dekt med den arianske. Wulfila såg på Jesus som den «Gud og Herre» som var verdig menneskja si tilbeding. Det er å gå lenger enn arianarane i vurderinga av Jesu guddom.

Han blir særleg hugsa for si omsetjing av Bibelen til gotisk og det gotiske alfabetet han laga for dette formålet — et alfabet samansett av latinske og greske bokstavar og runer. For gammalgermansk språkforsking er skriftene hans svært viktige.

Wulfilabibelelen var den tidlegaste bibelomsetjinga til eit germansk språk. Han er kjend for ettertida framfor alt ved avskrifta som går under namnet Codex Argenteus. Dette er eit handskrift frå 500-talet som no blir oppbevart i Uppsala i Sverige.

Her er «Fader Vår», som kan tene som ein illustrasjon på den formative rolla som Wulfila si omsetjing av kristeleg litteratur skulle få innan dei sentrale germanske språka, og kva for interesse språkforskarane hadde av arbeidet hans:

atta unsar þu ïn himinaweihnai namo þeinqimai þiudi nassus þeinswairþai wilja þeinsswe ïn himina jah ana airþaihlaif unsarana þana sin teinan gif uns himma dagajah aflet uns þatei skulans sijai maswaswe jah weis afletam þai skulam unsaraimjah ni brig gais uns ïn fraistubnjaiak lau sei uns af þamma ubilinunte þeina ïst þiudangardijah mahs jah wulþus ïn aiwinsamen

Vår kunnskap om Wulfila stammar, med unntak av bibelomsetjinga hans, framfor alt frå kyrkjehistorikaren Philostorgios og frå biskop Auxentius av Dorostorum.

Kategori:Gotarar Kategori:Bibelomsetjarar Kategori:Arianske biskopar Kategori:Oppfinnarar av skriftsystem Kategori:Teologar Kategori:Fødde i 310-åra Kategori:Døde i 383