Hers-Mort er ei 90 km lang elv sør i Frankrike, og ei av sideelvane til Garonne frå høgre. Ho har ei middelvassføring på 4 m³/s. Hers-Mort har sitt utspring i regionen Lauragais nær landsbyen Fonters-du-Razès, i departementet Aude. Ho renn gjennom følgjande departement og byar:

Aude: Payra-sur-l'Hers, Salles-sur-l'Hers Haute-Garonne: Villefranche-de-Lauragais, Baziège, Toulouse, Saint-Jory

Elva munnar ut i Garonne nær Grenade-sur-Garonne. Ei av sideelvane hennar er Girou, og desse to gjev vatn til hagane rundt Toulouse. Hers-Mort kryssar Canal du Midi nær Villefranche-de-Lauragais.

Kategori:Elvar i Frankrike Kategori:Sideelvar til Garonne Kategori:Aude Kategori:Haute-Garonne