Gardon (eller Gard) er ei elv sør i Frankrike, og har gjeve namn til departementet Gard. Gardon er 133 km lang, medrekna den lengste sideelva hennar, Gardon de Saint-Jean. Ho har sitt utspring i Cevennane og munnar ut i Rhône frå høgre ved Beaucaire, ovanfor Vallabrègues.

Fleire av sideelvane hennar vert òg kalla Gardon.

Den romerske akvedukten Pont du Gard og Pont Saint-Nicolas frå 1500-talet er to historiske bruer som kryssar Gardon. Gorge du Gardon, som endar ved Pont Saint-Nicolas, er ein populær stad for kajakkpadling, kanoroing, fjellklatring og vandring.

I september 2002, og igjen i desember 2003, hadde Gardon rekordstor vassføring som førte til flaum. Desse øydela fleire av bruene over elva, inkludert Pont Saint-Nicolas, som har vorte gjenoppbygd i etterkant.

Stader langs elva

Lozère Gard: Anduze, Saint-Jean-du-Gard , Saint-André-de-Valborgne, Remoulins , Montfrin

La Grand-Combe og Alès ligg ved Gardon d'Alès, den største sideelva frå venstre.

Bakgrunnsstoff Bilete av den øydelagde Pont Saint-Nicolas www.languedoc-france.info/071203_gard.htm – Elva Gard i Languedoc

Kategori:Elvar i Frankrike Kategori:Sideelvar til Rhône Kategori:Gard Kategori:Lozère