Steigen kyrkje er ei gammal steinkyrkje i Steigen sokn i Salten prosti. Dei eldste delane av kyrkja er frå rundt 1200–1300.
Gjennom åra har kyrkja vore gjenstand for ulike reparasjonar som følgje av brann og uver. På 1600-talet bles kyrkjetaket av tre gonger, og i 1657 slo lynet ned og kyrkja og inventaret vart skadd. «Stegens Kirche er aff Torden og Liunild antænt st. Lucia nat og gandske opbrændt med alle sine ornamenter; och bahre forbrændte muhr igjenstod». Rester etter noko av det gamle inventaret er bevart på Tromsø Museum. I 1869 vart påbyggingsarbeidet av Steigen kyrkje fullført. Halvparten av murene frå den gamle steinkyrkja vart teke vare på som kor, og nytt stort kyrkjeskip vart bygd. Dette var i pietismetida, så mesteparten av gammalt inventar og historisk materiale som fanst i den gamle kyrkja vart kasta ut, og nytt inventar vart gjeve til kyrkja mot slutten av 1800-talet. Nokre få av gjenstandane frå den gamle kyrkja vart likevel bevart, bl.a. ei lysekrone i messing frå 1684.
I 1963–65 vart Steigen kyrkje restaurert på nytt og fekk att noko av mellomalderpreget. Blant anna vart det bygd nytt tårn, og veggane vart kalka innvendig.
Bakgrunnsstoff Eldre fotografi av kyrkja på nettstaden til Nasjonalbiblioteket
Kategori:Kyrkjer i Steigen Kategori:Kyrkjer i Salten prosti Kategori:Freda bygg i Nordland Kategori:Norske kyrkjer frå 1200-talet Kategori:Kulturminne i Steigen