Skjerstad kyrkje er ei langkyrkje frå 1959 i Skjerstad sokn i Bodø domprosti.
Byggverket er i betong og mur og skal ha 450 plassar. Arkitekt for kyrkja var Arnstein Arneberg.
Galleri
Tidligare kyrkjer mini|venstre|Kyrkja frå 1877 brann i 1955. Skjerstad har hatt kyrkje sidan mellomalderen, og dagens kyrkje har ei rekkje forgjengarar. Kyrkjestaden er på Skjerstad (gnr. 35), og dei to eldste kjende kyrkjene stod om lag der våningshuset står i dag. Soknet («Skirasta sokn j Salte») er nemnt i 1390 og kyrkja («Skierstad kircke») i 1589. Ei tømra krosskyrkje skal i 1633 ha vorte «bygd opp utenpå den gamle». Denne vart riven i 1759.
Dagens kyrkjestad er 3–400 meter lengre vest. Der vart ei ny kyrkje innvigd i 1759. Dette var òg ei tømra krosskyrkje med kor i aust og sakristi inntil dette, med våpenhus i vest og med sentraltårn. Ny kyrkje vart ifølgje Riksantikvaren oppført på same tomta i 1848, og det seiast at ho var basert på ei typeteikning av Linstow. I bygdeboka for Skjerstad og Fauske vert det derimot sagt at det dreier seg om ei ombygging av den eksisterande kyrkja. Denne kyrkja brann ned på morgonen den 18. februar 1873. Ny kyrkje vart teikna av Håkon Mosling og vigsla den 31. oktober 1877. Dette var ei stor langkyrkje som brann ned 17. mai 1955.
Inventar frå tidlegare kyrkjer er dels overført vidare til nyare kyrkjer, dels avhenda til museum eller andre stader. Til dømes er ein gamal preikestol og ein mariafigur i Tromsø museum. Det som var i kyrkja ved brannen i 1873, gjekk tapt. To klokker støypte av Bochumer Verein i 1877 er redda frå kyrkja som brann i 1955, og er i bruk i dagens kyrkje.
Kjelder
Kulturminnesøk krediterer også Olav Stoud Platou, som arbeidde ved Arnebergs arkitektkontor, men det går ikkje fram av andre kjelder som t.d. boka Arneberg & Poulsson hvorvidt Platou var medarkitekt for denne kyrkja.
Sitert av Brendalsmo & Erikson.
Kulturminnesøk
Berg (1975), s. 334–337.
Op. cit., s. 338.
Avbilda i Unimus
Avbilda i Unimus
Berg (1975), s. 343.
Johansen (1931), s. 17.
Jf. Rasmussen (1993), s. 174. Bibliografi
Jan Brendalsmo og Jan-Erik G. Erikson: Kildegjennomgang: Middelalderske kirkesteder i Nordland fylke (Riksantikvaren, 2016), s. 9–10
Bakgrunnsstoff
(Om dagens kyrkjestad) (Om den gamle kyrkjestaden) Skjerstad og Misvær kyrkjelyd om Skjerstad kyrkje Skjerstad wiki
Kategori:Kyrkjer i Bodø Kategori:Kyrkjer i Bodø Domprosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1959 Kategori:Bygningar teikna av Arnstein Arneberg Kategori:Langkyrkjer i Sør-Hålogaland bispedømme Kategori:Kulturminne i Bodø