Helga Haugland Byfuglien () er ein norsk geistleg som preses i Bispemøtet i Den norske kyrkja frå 2011 til 2020. Ho kom då frå stillinga som biskop i Borg bispedømme.
Byfuglien har tidlegare vore generalsekretær i Norges KFUK-KFUM. Frå 1993 til 1997 var Haugland Byfuglien stiftskapellan i Borg bispedømme. Ho var kyrkelydsprest i Nidaros bispedømme frå 1978 til 1986 og i Ås prestegjeld i Borg frå 1986 til 1993.
Frå 2. mai 2006 til 1. juni 2007 var Byfuglien også medlem av det regjeringsoppnemnde utvalet som skulle vurdere dei kristne formålsparagrafane i skulen og barnehagen, det såkalla Bostad-utvalet.
Kategori:Biskopar i den norske kyrkja Kategori:Borg bispedømme Kategori:Folk frå Bergen