Montreuil (stundom uoffisielt kalla Montreuil-sous-Bois) er ein kommune i dei austlege forstadane av Paris i Frankrike. Han ligg berre 6,6 km frå Paris sentrum, men har eigen bystatus. Han er ein av kommunane i Europa med størst folketettleik og har om lag 100 000 innbyggjarar fordelt på om lag 9 km². Montreuil ligg nær parken Bois de Vincennes.

Byen ligg i departementet Seine-Saint-Denis i regionen Île-de-France.

70 % av byen består av leilegheiter (HLM, habitation à loyer modéré), som alle vart bygd på slutten av 1960-åra og byrjinga av 1970-åra. 20 % består av vanlege bustadar, medan resten er parkar og ymse anna.

Kategori:Byar i Frankrike Kategori:Byar i Île-de-France Kategori:Seine-Saint-Denis Kategori:Paris