mini|Runestein over dansk høvding som døydde på handelsferd på sørlege Öland, Sverige.
Ein runestein er ein stein med runeinnskrifter, og kan òg ha bilete og dekor av ymse slag. Inskriftene vart hogde inn, så bokstavane vart rimeleg store. Formatet på steinen vart deretter.
Skriftene var enten for å minnast stormenn eller viktige hendingar og handlingar, som at nokon bar fisk til eit vatn på Hardangervidda og gjorde dette kjent for ettertida. Mange steinar var obeliskliknande, og kravde stor mannemakt å reise.
mini|200px|Runestein i Lund
Ofte inneheld innskriftene også figurar. Teksten kan også vere kunstnarisk utforma, til dømes kan linjene med bokstavar vere forma som band med løkker.
Runesteinar finst i heile Skandinavia. Kopiar og forsøk på svindel er kjent. Den såkalla Kensingtonsteinen frå USA trur ein er eit forsøk på å flytte vikinghistoria frå «Vinland» til Midtvesten. Helge Ingstad sine utgravingar ved L’Anse aux Meadows avdekte ingen runer, men viste truleg grensa for kor langt Leiv Erikson sine etterkomarar kom.
Kjende runesteinar Tunesteinen i Sarpsborg Einangsteinen i Valdres Vangsteinen i Valdres Den store og den vesle jellingsteinen i Jelling på Jylland i Danmark, siste parten av 900-talet Gørlevsteinane, om lag 800-talet Elgesemsteinen 400-talet e.Kr Gripsholm-runesteinen Hogganviksteinen Altunasteinen i Altuna i Uppsala län i Sverige, med mellom anna eit bilete som har den heidne guden Tors freistnad på å fiske Midgardsormen som motiv.
Kategori:Arkeologiske anleggstyper