Antony er ein kommune i dei sørlege forstadane til Paris i Frankrike. Han ligg 11,3 km frå Paris sentrum, men har eigen bystatus. Antony er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Hauts-de-Seine og sete i Arrondissementet Antony.

Namn Namnet Antony vart nedteikna første gong i eit kongeleg dokument frå 829 som Antoniacum, som tyder «eigedomen til Antonius», ein gallo-romersk landeigar.

Historie Mot slutten av Hundreårskrigen hadde Antony om lag hundre innbyggjarar.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Hauts-de-Seine Kategori:Byar i Frankrike Kategori:Byar i Île-de-France Kategori:Paris