Gex er ein liten by og kommune i aust i Frankrike. Han ligg i departementet Ain, berre 5 km frå grensa til Sveits og 16 km frå Genève. Han er ein av tre sous-préfecture i Ain.
Historie Byen gav namnet sitt til Pays de Gex, som i løpet av tidene har høyrt til både Frankrike, Sveits og Hertugdømet Savoie.
Med Freden i Wien i 1815 vart Gex plassert i tollregionen til Sveits og nøytralisert. Resolusjonen som omhandla Pays de Gex vart annullert av artikkel 435 i Versaillestraktaten. I november 1923 flytta Frankrike tollkontoret sitt til Gex, og saka kom opp føre Den faste domstolen for mellomfolkeleg rettspleie, som avgjorde til fordel for Sveits. Eit kompromiss vart gjort i 1932.
Historisk har innbyggjarane i byen snakka ein dialekt av frankoprovensalsk.
Kategori:Ain Kategori:Byar i Frankrike Kategori:Byar i Auvergne-Rhône-Alpes