Alpes-Maritimes er eit departementet heilt søraust i Frankrike. Departementet ligg i regionen Provence-Alpes-Côte d'Azur.

Historie Romarane hadde ein provins her kalla Alpes Maritimae så tidleg som i 7 fvt.. Hovudstaden i provinsen var Cemenelum, i dag Cimiez, eit nabolag nord for Nice. På sitt største i 297 vart provinsen utvida til Digne og Briançon, og hovudstaden var Embrun.

Eit departementet med dette namnet eksistert i Frankrike frå 1793 til 1815, men hadde forskjellige grenser og inkluderte Monaco og San Remo.

Departementet slik det er i dag vart oppretta i 1860 då grevskapet Nice vart annektert. Det vart sett saman av grevskapet Nice og arrondissementet Grasse i departementet Var.

I 1947 vart departementet gjort større med å legge til kommunen Tende og La Brigue, som hadde vore italiensk etter dei vart annektert i 1860.

Geografi Departementet er omringa av dei franske departementa Var, Alpes-de-Haute-Provence, fyrstedømet Monaco, Italia i aust og Middelhavet i sør.

Alpes-Maritimes inneheld ein del av den vidkjend franske rivieraen med viktige byar som Cannes, Nice, Saint-Jean-Cap-Ferrat og Antibes.

Av elvar i departementet finn ein:

Var Aigue Blance Barlatte Bassera Bendole Bevera Borrigo Bourdoux Bouyon Brague Braisse Braus Cagne Caramagne Caréi Castérine Chalvagne Cians Clans Ciavanette Coulomb Éstéron Faye Fontanalbe Gorbio Gordolasque Guerche Levense Minière Loup Lubiane Maglia Magnan Mairole Malvan Nieya Oglione Paillon Raton Réfrei Riou Rioul Roudoule Roya Siagne Tinée Valmasque Vésubie Vionène

Økonomi Økonomien i departementet er stort sett driven av turisme. Berre Paris har fleire hotell enn Nice. På grunn av det milde klimaet kjem det turistar her året rundt.

Av andre store industriar finn ein parfymeindustrien i Grasse og den høgteknologiske industrien rundt Sophia-Antipolis.

Demografi Innbyggjarane i departementet vert kalla maralphins, men vert òg ofte kalla azuréens.

Då Nice vart fransk i 1860 var det framleis ein liten by og departementet hadde mindre enn 200 000 innbyggjarar. Folketalet voks derimot raskt frå 300 000 på byrjinga av 1900-talet til over ein million. Folkesetnaden vert derimot eldre fordi mange pensjonistar flyttar til kysten.

Folkesetnaden er i dag konsentrert i dei urbane områda rundt Cannes, Grasse, Nice og Menton, som har 90 % av den totale folkesetnaden.

Kultur Filmfestivalen i Cannes får årleg mykje merksemd og besøk av mektige folk i filmindustrien. Juan-les-Pins har ein årleg jazzfestival.

Turisme Turismen i departementet er konsentrert om Rivieraen, kjend som Côte d'Azur, med sine strender og lukseriøse hotell.

Området innanfor Cote d'Azur er fint for utandørssport som sykling, fjellsykling, skigåing, fjellturar, fjellklatring, kanoroing, rafting, fiske og riding.

Ymse Asteroiden 100122 Alpes Maritimes er kalla opp etter departemenetet.

Bakgrunnsstoff

Turistguide for Alpes-Maritimes Nettsida til prefekturet Offisiell side Den franske rivieraen Musikktradisjonar i Alpes-Maritimes About.com

Kategori:Franske departement Kategori:Den franske rivieraen