Condom er ein by og kommune sørvest i Frankrike. Han er sous-préfecture i departementet Gers i Occitanie. Byen har om lag 7 000 innbyggjarar og ligg ved elva Baïse.
Condom ligg langs Via Podiensis, ei pilegrimsrute frå Le Puy via Saint-Jean-Pied-de-Port til Santiago de Compostella nordvest i Spania. Pilegrimar kjem til Condom etter Miradoux og passerer så gjennom Larressingle.
Ymse Sidan byen har same namn som det engelske ordet for kondom, kan det vere verdt å merke seg at namnet på elva som renn gjennom byen, Baïse, utan tødlar er eit vulgært fransk uttrykk for seksuell omgang. På fransk heiter derimot kondom préservatif. Eit problem i byen er turistar som tar med seg gateskilt.
Byen er kjend for produksjon av armagnac.
Bakgrunnsstoff Luftfoto av domkyrkja i Condom
Kategori:Gers Kategori:Byar i Occitanie