Autun er ein by og kommune aust i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Saône-et-Loire i regionen Bourgogne-Franche-Comté og har om lag 16 000 innbyggjarar.

History Autun vart grunnlagd under regjeringstida til den romerske keisaren Augustus (namnet Autun kjem av det latinske namnet Augustodunum), og vart kjend for å ha retorikkskular. Fleire element av romersk arkitektur, som veggar, portar og eit romersk teater er framleis synleg i byen. I mellomalderen var det ein greve av Autun som vart den første hertug av Burgund.

Bakgrunnsstoff

Reiseguide for Autun Bilete av domkyrkja St-Lazare

Kategori:Saône-et-Loire Kategori:Byar i Frankrike Kategori:Byar i Bourgogne-Franche-Comté