Morbihan er eit departementet nordvest i Frankrike. Departementet ligg i regionen Bretagne, og er kalla opp etter ein lukka sjø langs kysten.
Historie Morbihan er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna frå delar av den tidlegare provinsen Bretagne.
Geografi Departementet er i dag ein del av regionen Bretagne og grensar til departementa Finistère, Côte-d'Armor, Ille-et-Vilaine og Loire-Atlantique, i tillegg til Atlanterhavet i sørvest.
Morbihanbukta har mange øyar. I følgje segna er det 365, men i røynda mellom 30 og 40 alt etter korleis dei vert telt. Det er òg mange holmar og småøyar som er for små til å byggjast på. Av desse øyane er alle bortsett frå to privateigde, enkelte av dei av filmstjerner og motedesignarar.
Utanfor bukta ligg fire busette øyar: Belle-Île-en-Mer Groix Houat Hoëdic
Meaban, like utanfor Port du Crouesty er eit fuglereservat der det er forbode å gå i land.
Demografi Innbyggjarane i departementet vert på fransk kalla Morbihannais.
Kultur Bretonsk språk er ei viktig sak i departementet, og mange krev tospråkleg utdanning.
Turisme Steinblokkene i Carnac ligg i Morbihan.
Bakgrunnsstoff
Prefekturet si nettside Offisiell nettside Kulturarv Turisme i Morbihan
Kategori:Franske departement