Maine-et-Loire er eit departementet nordvest i Frankrike. Departementet ligg i regionen Pays de la Loire, og er kalla opp etter den tidlegare provinsen Maine og elva Loire.
Historie Maine-et-Loire er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Opphavleg vart departementet kalla Mayenne-et-Loire, men namnet vart endra alt i 1791. Det vart danna frå delar av den tidlegare provinsen Anjou.
Geografi Departementet er i dag ein del av regionen Pays de la Loire og grensar til departementa Ille-et-Vilaine, Mayenne, Sarthe, Indre-et-Loire, Vienne, Deux-Sèvres, Vendée og Loire-Atlantique.
Departementet har eit variert landskap med skogkledde åsar i sør og i nord med dalen til elva Loire i mellom. Det høgaste punktet er Colline des Gardes på 210 meter.
Området har mange framkommelege elvar som Loire, Sarthe, Mayenne, Loir og Authion.
Demografi Innbyggjarane i departementet vert på fransk kalla Angevins etter den tidlegare provinsen Anjou.
Turisme Ryttarane av Cadre Noir i Saumur, slotta i Loiredalen og det kongelege klosteret Fontevraud med Plantagenetgravene er alle store attraksjonar.
Bakgrunnsstoff
Prefekturet si nettside Offisiell nettside Offisiell turistside Omfattande informasjon om Maine-et-Loire og andre departement i Pays-de-la-Loire
Kategori:Franske departement