Château-Salins (tysk Salzburgen) er ein liten by og kommune nordaust i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Moselle i regionen Grand Est, og har om lag 2 500 innbyggjarar.

Château-Salins er senter i området Saulnois, som produserer salt. Både byen og området har tatt namn etter saltproduksjonen.

Historie Château-Salins vart først nemnd i 1346 som Chastelsalins. Etter den franske revolusjonen vart byen ein kort periode kalla Salines Libres. Frå 1800 til 1871 høyrte Château-Salins til departementet Meurthe, og frå 1871 til slutten av den første verdskrigen var byen ein del av Tyskland. Då byen igjen vart fransk i 1919 vart byen ein del av departementet Moselle.

Bakgrunnsstoff

Chateau-Salins Chateau-Salins