Melun er ein by og kommune nordvest i Frankrike. Han er préfecture (administrasjonsstad) i departementet Seine-et-Marne i regionen Île-de-France, og har om lag 40 000 innbyggjarar. Byen ligg 41,4 km frå sentrum av Paris ved elva Seinen. Innbyggjarane i byen vert på fransk kalla Melunais.

Historie Byen vart grunnlagd på ei øy i Seinen søraust for Paris i romartida, og vart mellom anna nemnd av Julius Cæsar. Normannarar plyndra byen i 845.

Kong Hugo Capet gav Melun til Bouchard. Under styret til Robert II av Frankrike kjøpte Odo av Champagne, hertug av Champagne, byen, men kongen tok tilbake byen for visehertugdømet i 999. Le Chatelain og kona hans, som hadde seld byen til kongen, vart då hengd.

Bakgrunnsstoff

Turistkontoret i Melun

Kategori:Seine-et-Marne Kategori:Byar i Frankrike Kategori:Byar i Île-de-France