For elvemunningen med same namn, sjå elvemunningen Gironde

Gironde (oksitansk: Gironda, poitevin-saintongeais: Jhirunde) er eit departementet sørvest i Frankrike ved kysten av Biscayabukta. Departementet ligg i regionen Aquitaine, og er kalla opp etter elvemunningen med same namn.

Historie Gironde er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna frå delar av dei tidlegare provinsane Guyenne og Gascogne.

Frå 1793 til 1795 vart namnet på departementet endra til Bec-d'Ambès for å unngå og verte assosiert med revolusjonspartiet Girondinarane.

Geografi Departementet er i dag ein del av regionen Aquitaine og grensar til departementa Landes, Lot-et-Garonne, Dordogne, Charente og Charente-Maritime, i tillegg til Atlanterhavet i vest. Med eit areal på 10 000 km² er Gironde det største departementet i den europeiske delen av Frankrike.

Området er kjent for stranda Côte d'Argent, som er den lengste i Europa, og som trekkjer til seg mange surfarar til Lacanau kvart år.

Demografi Innbyggjarane i departementet vert på fransk kalla Girondins.

Bakgrunnsstoff

Prefekturet si nettside Offisiell nettside Offisiell turistside

Kategori:Franske departement