Kachelotplate er ein sandbanke i Nordsjøen nær kysten av Tyskland vest for øya Juist. Sandbanken blei avteikna allereie i 1840 på eit kart frå regionen.Informasjonstavle på Habenpatt, Norderney, Kjelde: Stadsarkivet for Niedersachsen Kachelotplate vart først rekna som ei øy i 2003, då store nok delar av øya stakk opp av sjøen ved flo sjø til at ein kunne rekna henne som permanent.Nordsøen har fået en ny ø, Politiken 2013-06-21

Øya består berre av sand, men det har byrja å vekse gras der. Den nye øya er 2,5 km lang og opp til 1,3 km brei. Namnet er avleidd av fransk cachalot, som tyder 'spermkval'.

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Kachelotplate» frå , den 3. september 2015.

Bakgrunnsstoff Bericht des Wattenrat Ost-Friesland Die Kachelotplate als überflutete Sandbank auf der Karte von 1939 (JPG)

Kategori:Øyar i Tyskland Kategori:Dei frisiske øyane