Alpsee er ein innsjø i Tyskland. Han ligg i landkreis Ostallgäu i delstaten Bayern om lag 4 km sør for Füssen nær slotta Neuschwanstein og Schloss Hohenschwangau.
Insjøen har ei kystlinje på litt under fem kilometer og eit djup på opp til 62 meter. Han er ein populær turistdestinasjon sidan han ligg nær slotta og dei ville svanane som held til i innsjøen. Ein kan leige båtar og det er mange mogelegheiter for turgåing i nærleiken. Ein sti går i sirkel rundt innsjøen, medan Fürstenstrasse (Prinsessevegen) fører til Hohenschwangau over Schwarzenberg-ryggen og ned til Pinswang i Lechtal.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Alpsee» frå , den 1. juni 2007.
Kategori:Innsjøar i Tyskland