Hochstaufen er eit fjell nord for Bad Reichenhall og det austlegaste fjellet i Chiemgauer Alpen i Bayern i Tyskland med ei høgd på 1 771 meter over havet. Fjellet høyrer til Staufen-massivet og er ein populær stad for fjellklatring.

På 1600-talet var det nokre gruver ved Hochstaufen. Den mest kjende gruvegangen var Doktor-Oswald-Stollen, berre 60 meter nedanfor toppen.

I ei høgd på 1 750 meter ligg Reichenhaller Haus, ei fjellhytte.

Ymse Etter kraftig regnfall oppstår det jordskjelv på Hochstaufen, så derfor er det sett ut fleire seismometer rundt fjellet. I september 1993 vart paret som dreiv Reichenhaller Haus drepen i eit brutalt ran.

Bakgrunnsstoff Bad Reichenhall hochstaufen.de

Kjelde

Kategori:Fjell i Tyskland Kategori:Fjell i Alpane