Reiulf Hjalmar Steen () var ein norsk politikar frå Arbeiderpartiet.
Steen var formann for AUF 1961-1964 og nestformann i Arbeidarpartiet 1965-1975 og formann 1975-1981.
Han var statsråd i to regjeringar: 17. mars 1971 - 18. oktober 1972: Samferdsledepartementet (samferdsleminister) i Trygve Bratteli si første regjering. 8. oktober 1979 - 4. februar 1981: Handels- og skipsfartsdepartementet (handelsminister) i Odvar Nordli si regjering.
Som fast stortingsrepresentant sat han i 4 periodar: I periodane 1977-1981 og 1981-1985 som representant for Oslo, og i periodane 1985-1989 og 1989-1993 som representant for Akershus. Åra 1985 til 1989 var han visepresident i Stortinget.
Frå 1992 til 1996 var han den norske ambassadøren til Chile.
Utmerkingar 1999 Orden "Al Meritto Grand Cruz" 1991 Bernardo O'Higgins Orden, første klasse, for innsats i kampen for demokrati i Chile 1992 Æresborgar av Hurum
Personleg Reiulf Steen er son av fabrikkarbeidar Nils Steen (1899-1940) og fabrikkarbeidar Astrid Karlsen (1899-1987).
Kjelder Reiulf Steen hos Stortinget.no, vitja 18. april 2010
Kategori:Norske samferdsleministrar Kategori:Norske handelsministrar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Bratteli I Kategori:Statsrådar i Regjeringa Nordli Kategori:Ap-statsrådar Kategori:Leiarar i AUF Kategori:Leiarar for Arbeidarpartiet Kategori:Stortingsrepresentantar 1977-1981 Kategori:Stortingsrepresentantar 1981-1985 Kategori:Stortingsrepresentantar 1985-1989 Kategori:Stortingsrepresentantar 1989-1993 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar for Oslo Kategori:Stortingsrepresentantar for Akershus Kategori:Norske forfattarar av erindringsbøker Kategori:Norske diplomatar Kategori:Folk frå Hurum