Aller er ei elv i Sachsen-Anhalt og Niedersachsen i Tyskland og ei av sideelvane til Weser frå høgre med ei lengd på 260 km. Ho har sitt utspring nær Magdeburg i Sachsen-Anhalt. Frå her renn ho nordvestover og inn i Niedersachsen, der det meste av elva ligg. Viktige byar langs Aller er mellom anna Wolfsburg, Gifhorn, Celle og Verden. Eit par kilometer vest for Verden munnar Aller ut i Weser.

Av sideelvar til Aller finn ein Oker og Leine.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Aller» frå , den 12. juni 2007.

Bakgrunnsstoff Bilete av Aller

Kategori:Elvar i Tyskland Kategori:Sachsen-Anhalt Kategori:Niedersachsen