Audhild Gregoriusdotter Rotevatn () er ein norsk journalist, programleiar og direktør.
Liv og virke Rotevatn er fødd i Volda. Ho har utdanning innan radiojournalistikk frå Høgskulen i Volda, og i statsvitskap og nordisk språk ved Universitetet i Oslo. Ho har også ein mastergrad i nynorsk skriftkultur. Ho starta journalistkarrieren som 19-åring i Sunnmørsposten, og arbeidde seinare i Bergens Tidende. I 2001 vart ho fast tilsett i NRK, der ho blant anna var programleiar i Sportsrevyen, i Dagsnytt, reporter i og Her og Nå, og i Dagsrevyen.
Rotevatn sa opp jobben i NRK i 2003 og vart programleiar i den nyoppstarta nasjonale radiokanalen i Kanal 24, og var programleiar i nyhende- og aktualitetsmagasinet til radiokanalen Nyhetspuls 17 fram til ho gjekk inn i barselspermisjon. Seinare vart ho redaksjonssjef og nyheitsredaktør. I 2010 vart ho tilsett som dagleg leiar for Allkunne ASAasentunet — Audhild Gregoriusdotter Rotevatn blir ny dagleg leiar i Allkunne AS og flytta tilbake til Sunnmøre. Seinare har ho arbeidd som dekan ved medieavdelinga ved Høgskulen i Volda.«Audhild Gregoriusdotter Rotevatn blir sjef for medieutdanningen i Volda», journalisen.no 4. mai 2016 I 2020 sa ho opp dekanjobben og vart administrerande direktør ved Musea på Sunnmøre (seinare Stiftinga Viti). Ho er styremedlem i ICOM Norge og i seksjon for leiing ved Noregs Museumsforbund.
Rotevatn var styremedlem i NRK AS i perioden 2010- 2018. Ho var også varamedlem i Personvernnemnda i fleire år. Sidan 2018 har Rotevatn leia juryen for Statens klarspråkprisar.
Rotevatn er engasjert i friluftsliv og har vore styremedlem i DNT Sunnmøre i ei årrekkje. I 2023-2025 var ho styremedlem i DNT Fjellsport sitt nasjonale styre.
Gregoriusdotter Rotevatn er ein mykje brukt debatt - og programleiar, essayist og kåsør. Ho har også medverka i fleire bøker, mellom anna Det fleirspråklege Noreg utgitt på Skald forlag.
Prisar og utmerkingar Rotevatn har fått fleire prisar og utmerkingar for det journalistiske arbeidet sitt, og for sin konsekvente nynorskbruk. I 2005 fekk ho Alf Helleviks mediemålspris og i 2004 Kringkastingsprisen.
Kjelder
Kategori:Norske journalistar Kategori:Norske programleiarar Kategori:Folk frå Volda Kategori:Programleiarar for NRK