Gera er ei elv i Thüringen i Tyskland og ei av sideelvane til Unstrut frå høgre med ei lengd på 85 km. Ho har sitt utspring i Thüringer Wald vest for Ilmenau. Gera oppstår i Plaue, der elvane Wilde Gera og Zahme Gera renn saman. Ho munnar ut i Unstrut i Straußfurt. Dei største byane langs Gera er Arnstadt og Erfurt. Byen Gera ligg ikkje langs elva.
Kjelde Denne artikkelen bygger på «Gera River» frå , den 13. juni 2007.
Gera Gera