Plauen er ein by i Tyskland ved elva Weiße Elster i delstaten Sachsen med om lag 65 000 innbyggjarar. Byen ligg nær grensa til Bayern og Tsjekkia.
Historie Byen vart grunnlagd av slavarar på 1100-talet og vart ein del av Böhmen i 1327 og av Sachsen i 1466. På 1800-talet vart Plauen eit senter for tekstilproduksjon, særleg blonder. I 1912 nådde Plauen toppen når det gjeld folketal med 128 000 innbyggjarar.
I 1930-talet fekk Plauen den tvilsame æra av å halde det første nazimøtet utanfor Bayern.
Frå 1945 var byen ein del av den sovjetiske okkupasjonssonen i Tyskland, og frå 1949 til 1990 høyrte han til Aust-Tyskland. I løpet av denne perioden var det ein stor sovjetisk okkupasjonsgarnison i byen og dei siste åra låg det ein offisersskule for grensesoldater her (Grenztruppen der DDR). Innbyggjartalet i byen fall dramatisk etter den andre verdskrigen. Plauen var den første byen i tidlegare Aust-Tyskland som fekk ein McDonald's-restaurant.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Plauen» frå , den 19. juni 2007.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Tyskland Kategori:Byar i Sachsen