Agnbøk (Carpinus betulus) er eit lauvfellande tre i bjørkefamilien .
Blada liknar blada hos bøk, men dei er dobbelt sagtakka, som blada hos hengebjørk. Blada heng på treet lenge utover vinteren, også dette likt bøk.
Treet vert i Noreg gjerne brukt i hekkar, men om det får vekse fritt, kan det bli meir enn 20 meter høgt. Frittveksande tre blomstrar hengande raklar samtidig med lauvsprett og får hengande klasar av nøttefrukter med dekorative vingar.
Agnbøk høyrer heime i Europa, Vesleasia og austover til Iran. Treet veks vilt i Sverige og Danmark, men i Noreg finst det ikkje naturleg. Likevel har det spreidd seg frå hagar og parkar slik at det veks naturalisert nokre få stader i Osloområdet
Veden er hard og har vore bruka til dørhandtak, treskruer, økseskaft og nav.
Bilde
Kjelder Botanisk hage, naturhistorisk museum
Bakgrunnsstoff
Månedens plante: Agnbøk (Carpinus betulus) , Institutt for plante- og miljøvitenskap
Kategori:Bjørkefamilien Kategori:Lauvtre Kategori:Hekkplantar Kategori:Takson namngjevne av Carl von Linné