mini| Norsk bremuseum i Fjærland. Norsk Bremuseum ligg i bygda Fjærland i Sogndal kommune. Det særmerkte museumsbygget er teikna av arkitekten Sverre Fehn.
Bremuseet har ei innhaldsrik forklaring på korleis breane fungerer og korleis dei oppstod. I tillegg finst det mange utstillingar og modellar av isbrear og eigenskapane deira. Museet inneheld også ein kinosal der ein kan sjå film om Jostedalsbreen.
Norsk Bremuseum - Bresenteret i Fjærland er ei privat stifting oppretta av Den Norske Turistforening, International Glaciological Society, Noregs vassdrags- og energidirektorat, Norsk Polarinstitutt, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Universitetet i Bergen og Universitetet i Oslo.
Arkitekturprisar Norsk bremuseum ved arkitekt Sverre Fehn fekk arkitekturprisen Betongtavlen for 1992 og Houens fonds diplom for 1994.Betongtavlen 1961-2008 frå Betong.netHouens fonds diplom arkivert utgåve
Sjå òg Jostedalsbreen nasjonalpark - bremuseet er nasjonalparksenter, med informasjon om nasjonalparken Kjelder
Bakgrunnsstoff Norsk bremuseum Kulturnett
Kategori:Museum i Vestland Kategori:Kultur i Sogndal Kategori:Skipingar i 1991 Kategori:Houens fonds diplom Kategori:Betongtavlen