Schwäbisch Gmünd er ein by i Tyskland sør i delstaten Baden-Württemberg med om lag 65 000 innbyggjarar. Byen er den nest største byen i landkreisen Ostalbkreis etter Aalen.

Schwäbisch Gmünd ligg ved elva Rems, om lag 50 km aust for Stuttgart, hovudstaden i Baden-Württemberg. Han ligg òg ved den nordlege foten av Schwabisk Alb.

Historie Dei første busetnadane i dette området er frå om lag 100-talet e.kr, då romerske soldatar slo seg ned i nærleiken av limes, den romerske grensa. På 200-talet gjekk alemannarar over grensa og erobra området og slo seg ned her.

Schwäbish Gmünd vart grunnlagd på midten av 1100-talet. Han var ein fri keisarby frå 1268 til 1803, då han vart ein del av Württemberg.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Schwäbisch Gmünd» frå , den 25. juni 2007.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Tyskland Kategori:Byar i Baden-Württemberg Kategori:Frie riksbyar