Det osmanske riket, også kalla Det ottomanske riket, var eit enormt, tyrkisk imperium, grunnlagd av Osman I ved byrjinga av 1300-talet og styrt av Det osmanske dynastiet fram til Tyrkia som republikk vart skipa av Mustafa Kemal Atatürk i 1923 etter den fyrste verdskrigen.

Riket var mektigast på 1500-talet under sultan Suleiman den store. Det hadde likevel størst utstrekking i 1683, då det strekte seg frå Wien i vest, gjennom Midtausten og Nord-Afrika, til dagens Iran og Den arabiske halvøya i aust. Sjølv om riket var stort, hadde det berre rundt 40 millionar innbyggjarar.

Ein sultan styrte riket saman med diwanen, ei regjering sett saman av vesirar og leia av storvesiren. Seinare tok sultanane den muslimske tittelen kalif, det åndelege overhovudet til alle muslimar. I fleire hundreår såg ein på desse sultanane som dei einaste som hadde rett til å erklæra heilag krig.

Historie Historia om Det osmanske riket er omfattande og spenner over sju hundreår. Det er mange forskjellige perspektiv; nokre baserer seg berre på den militære delen av historia, krigane som riket var innblanda i, og kva det underla seg og seinare måtte gje frå seg, medan andre peikar på den indre utviklinga. Denne artikkelen prøver å ha eit meir generelt perspektiv.

Opphav Det osmanske riket oppstod som ein Uç Beyliği (ei form for adel) innanfor Seljukstaten i Anatolia mot slutten av 1200-talet. Denne staten var sjølv underlagt Ilkhanatet (ein del av Det mongolske riket) på den tida. Det er ei utbreidd oppfatning hos historikarar at Osman I erklærte sjølvstende i 1299, men det er vanskeleg å fastsette det nøyaktige tidspunktet.

Riket vert grunnlagd (1299-1453) I riket sin vekstfase vart identiteten og karakteren til riket definert, og det sikra seg sin plass i historia under Mehmet II, «erobraren». Det var i denne perioden at den osmanske eliten (kjernen av tyrkarar rundt Osman I) diskuterte korleis ein skulle organisere ein ny stat. Det er viktig å legge vekt på det ekspanderande riket sin geopolitiske situasjon. Det hadde kontakt med og kunne hente erfaringar frå mange forskjellige kulturar. Ut frå kunnskapen sin om tidlegare imperium og sogene deira, var den osmanske eliten av den klare oppfatning at det ikkje var sverdet aleine som kunne bygge og vedlikehalde store imperium.

mini|venstre|Mehmet II, kjend som «erobraren»

Den osmanske eliten hadde stor tru på at sverdet måtte styrast av mannen, og ikkje omvendt. Det var viktig å finne sterke og dyktige menn som var villige til å samarbeide for å erobre store delar av Europa, Asia og Afrika. Det var òg viktig å organisere og regjere desse erobra områda på ein tilfredsstillande måte, og etablere ein struktur det ville vere vanskeleg å bryte ned seinare. Den osmanske eliten gav prioritet til politiske idear som legitimerte imperiet. Berre med desse ideane var det mogeleg å skape samhald mellom så mange forskjellige folkeslag, kulturar og religionar, og få alle desse til å dra i same retning. Ideen og kulturen som vart skapt i desse tidene var så sterk at det tok 300 år med forfall og katastrofar å bryte ned riket. Under bygginga av dette enorme riket vart det utvilsamt utøva både urett, vald og øydelegging. Men det ville vore urettferdig ikkje å gje godkjenning til den historia som byrja på 700-talet, då tyrkarane byrja å utvandre frå eit sarasenarrike i forfall.

Trass i at Det osmanske riket oppstod før Osman I, vert han sett på som grunnleggaren av riket og han var den første høvdingen (Bey på tyrkisk). Han erklærte sjølvstende frå Austromarriket og skapte ein front mot det, og hans eige rike fekk namn etter han. Tidlegare tyrkiske leiarar sleit med interne konfliktar. Osman I flytta hovudstaden til Bursa, der han prega mynt i sitt namn. Som bevis på hans gode ettermæle var uttrykket «måtte han bli like god som Osman» mykje brukt hos tyrkarar, og det vert til dels framleis nytta i dag. Mehmet II var berre tolv år då han vart sultan, og han vart omtalt som ein «lærd krigar». Hans militære dugleik vart demonstrert ved slaget om Konstantinopel. Han naut full støtte frå heile riket. Den nytta han til å reorganisere staten sin struktur og militærvesen. mini|Det osmanske riket, 1481–1683

Veksten (1453-1683) Ein kan dele inn veksten av Det osmanske riket i to periodar. Den første perioden var prega av erobringar og vekst; frå erobringa av Konstantinopel i 1453 til Sultan Suleiman den store sin bortgang i 1566. Dette var ein periode med store bragder sett med osman-tyrkiske auge. Etter erobringa av Konstantinopel ekspanderte imperiet nordover. Slaget ved Kosovo Polje var eit gjennombrot for osman-tyrkarane, trass i at den serbiske riddaren Miloš Obilić klarte å drepe den dåverande sultan Murat I. Sigeren var grunnlaget for ekspansjonen vidare inn i Sentral-Europa. Sultan Selim I (1512-1520) gjekk mot aust, slo Safavidane i Persia under slaget på Chaldiran, og etablerte ein egen marine i Raudehavet. Etterfølgjaren hans Suleyman den store skulle auke makt og storleiken til imperiet ytterlegare. Etter å ha tatt Beograd, erobra han Ungarn i 1526, men tapte 16 000 mann i Slaget ved Mohács. Det ungarske kongedømet braut saman etter dette, og Huset Habsburg overtok dei delane av Ungarn som tyrkarane ikkje tok. Suleyman den store heldt fram mot Wien, men klarte ikkje å ta byen før vinteren kom og tvinga han til retrett. Ikkje lenge etter vart fyrstedøma Transylvania, Valakia og Moldavia under Det osmanske riket.

I aust vart Bagdad erobra frå Det persiske riket i 1535, stadig under leiing av sultan Suleyman den store. Dette førte til at tyrkarane fekk kontroll over store delar av Midtausten. Det osmanske riket gjekk inn i sin gullalder i regjeringstida til Suleiman den Store, òg kjend som Lovgjevaren.

Dei 230 åra med ubroten vekst avslutta med den første omleiringa av Wien i 1529. Åtaket på Wien var ikkje eit eigentleg erobringsforsøk, men nærast ein reaksjon på Huset Habsburg si innblanding i Ungarn. Dei osmanske styrkane tapte rundt 25 000 mann, medan motparten sitt tap var minimale. Dette førte òg til at nokre av imperiet sine allierte vendte dei ryggen. Paven mante no til eit krosstog mot tyrkarane, etter at han tidlegare hadde inntatt ein relativt passiv haldning. No var Det osmanske riket ikkje lenger berre ein inntrengar og okkupasjonsmakt, men ein varig faktor i europeisk politikk. Det andre slaget om Wien i 1683, då kongen av Polen, Jan III Sobieski, braut omleiringa til tyrkarane, vart eit vendepunkt i den 300 år lange kampen mellom dei kristne rika i Sentral-Europa og Det osmanske imperiet. Riket gjekk no inn i ein langvarig periode med stagnasjon.

Stagnasjonen (1683-1827) mini|Jan III Sobieski mini|venstre|Kara Mustafa I denne perioden hadde Det osmanske riket ei rekkje av sultanar som trass i gode føresetnadar ikkje klarte å nå måla sine i same grad som Mehmet II, Selim I og Suleiman I. Under denne stagnasjonen vart imperiet svekka av krigar mot Persia, Den polsk-litauiske realunionen, Russland og Austerrike. Den russiske ekspansjonen sørover gav opphav til ei rekkje på ti krigar mellom Det russiske imperiet og Det osmanske imperiet på 1600-talet-1800-talet. Det osmanske imperiet viste stor uthald under desse krigane og heldt stand lenge.

Då Kara Mustafa tapte slaget om Wien i 1683 mot Jan III Sobieski frå Polen, byrja tilbaketrekkinga frå Europa. Kara Mustafa fall ikkje i slaget, men vart avretta i Beograd i desember 1683 som følgje av nederlaget. Etter nok eit nederlag i den store tyrkiske krigen i 1699 gav Det osmanske riket for første gong frå seg område i Karlowitz-traktaten. Desse vesentleg ungarske områda hadde vore under Det Osmanske riket sin kontroll i 200 år. Men tyrkarane slo Russland i Pruth-felttoget i 1712, og Passarowitz-traktaten skapte ein kortvarig fred mellom dei to imperia frå 1718 til 1730. Etter dette samla tyrkarane seg til ein kraftinnsats og sigra over Austerrike i 1736. Ved Beograd-traktaten fekk osmanarane igjen nokre av dei europeiske områda som hadde gått tapt i 1699.

Det osmanske riket konsentrerte seg etter kvart om å haldet det dei hadde vunne framfor å ekspandere ytterlegare. Riket byrja å utvikle byane på Balkan, dei ytre postane mot europeisk ekspansjon. Ein byrja å utbetre levekåra for innbyggjarane i riket. Skattetrykket vart redusert, det vart oppretta konsulat, og handel, handverk og industri vart oppmuntra. Tida vart kalla «tulipanæraen» etter eit motiv som vart mykje nytta i dekorativ kunst. Det vitskaplege forspranget som den muslimske verda hadde hatt over Europa, vart innhenta i denne perioden. I stagnasjonsperioden klarte tyrkarane ikkje å halde tritt med utviklinga hos dei europeiske rivalane Frankrike, Storbritannia, Austerrike og Russland.

Krigar vart tapt og område avstått på Balkan og i Kaukasus til fordel for Austerrike og Russland. Område som Egypt og Algerie fekk reelt sjølvstende, sjølv om dei i namnet høyrde til riket. Frankrike og Storbritannia fekk auka innverknad i Nord-Afrika. Under sultan Selim III vart det gjort forsøk på å modernisere systemet. Men mange av reformene som sultanane forsøkte å gjennomføre for å fornye riket vart motarbeida av konservative krefter, både dei religiøse og det no korrupte elitekorpset janitsjarane. Janitsjarkorpset vart til slutt utsletta i 1826.

«Europa sin sjuke mann» (1828-1908) mini|Det konsulære menasjeriet, ein karikaturteikning av funksjonærar og samband ved «utanlandskontoret» i Det osmanske riket i 1885. Nasjonane er her framstilte som dyr: Tyrkaren ved skrivebordet har trekk frå ei and, medan papegøyen representerer britane, apen italienarane, grisen tyskarane og bjørnane russarane.

Trass i stagnasjonen hadde Det osmanske riket halde sin posisjon som stormakt heilt fram til 1800-talet, men då byrja oppløysninga av det enorme riket. Samtidig var perioden prega av omfattande moderniseringsforsøk med reorganisering og forandringar i alle delar av riket. Karikaturen til høgre er frå denne perioden (1885) og viser korleis riket vart oppfatta. Det er ein parodi av ein funksjonær i det osmanske utanlandskontoret (anda). Papegøyen, apen, og grisen (britar, italienarar og tyskarar) som plagar han er vaktarar og omsetjarar (europeiske stormakter). Russarane er i bakgrunnen som bjørnar.

Perioden er kjend som Tanzimat (tyrkisk for 'reorganisering') og varte frå 1839 til 1876. I denne tida vart hæren kraftig modernisert. På same måte gjekk banksystemet gjennom store reformer. Ei byrjande industrialisering førte til at handverkslauga fekk konkurranse frå moderne fabrikkar. Økonomisk hadde imperiet problem med å innfri låna det hadde tatt opp i europeiske bankar. Militært hadde det problem med å forsvare seg mot utanlandsk aggresjon og dei balkanske minoritetane sine ønske om lausriving. Frankrike okkuperte Egypt i 1798 og erobra Algerie i 1830. Montenegro fekk autonomi i 1798, og Serbia i 1804. Hellas frigjorde seg i 1829 etter ein lang sjølvstendekamp med hjelp av utanlandske frivillige og trugslar om intervensjon frå stormaktene si side. Vasallstatane på Balkan oppnådde auka sjølvstende.

Ei viktig endring var at imperiet slutta å gå til krig aleine og etablerte alliansar med europeiske land. Det vart inngått ei rekkje alliansar med land som Frankrike, Nederland, Storbritannia og Russland. Krimkrigen vart utkjempa i allianse med Frankrike, Storbritannia og Kongedømet Sardinia for å stanse den russiske frammarsjen, som vestmaktene var uroa for. Dei allierte slo Russland i september 1856.